Frå dyrlegens kvardag
Livdyrhandel kan vera risikofylt
.png)
Det mange ikkje tenkjer på når ein handlar livdyr, er at tilsynelatande friske dyr kan ha med seg smittestoff som kan ha potensial til å påføra drifta store tap.
Frilansar Buskap
.jpg)
Det er veldig lurt å undersøkja helsestatus i besetningen ein kjøper livdyr frå før ein bestemmer seg om det vert handel. Tilsynelatande friske dyr kan ha med seg bakterien som gir digital dermatitt. Dette er ein tapsbringande sjukdom det kan vera vanskeleg å bli kvitt, og den gir hudbetennelsar i og rundt klauvspalta.
For å prøva å begrensa risikoen for at friske dyr kan ha med seg uønska smittestoff, er det viktig at kjøpar stiller krav til seljar og at ein brukar litt tid på finna ut av helsestatus til seljarbesetnigen, før ein tek avgjerd om å kjøpa dyr. Vanlegvis har dyr som vert formidla via seriøse aktørar helseattest som ein finn i Dyrehelseportalen, men sjølv om dyra har helseattest i form av eigenerklæring frå seljar eller veterinærattest frå dyrlege, kan ein få inn uønska smittestoff ved livdyrhandel.
Digital dermatitt
Ein av sjukdommane som er på «full fart» innover Noreg er klauvsjukdommen digital dermatitt som gir betennelsar i og rundt klauvspalta. Dette er ein bakteriesjukdom, og viss ein får denne bakterien inn i fjøsmiljøet, kan det vera svært vanskeleg å bli kvitt den att. Sjukdommen kan gi nedsett produksjon, auka kostnader til veterinær/klauvskjerar og mykje ekstraarbeid i lang tid framover. Det kan vera vanskeleg å oppdaga om ein har digital dermatitt, for ein må ha dyra i klauvboks og sjå i og rundt klauvspalta for å stilla diagnosen. I dei fleste tilfella er det ikkje klauvboks tilgjengeleg når veterinær skriv livdyrattest, slik at ein ikkje får undersøkt klauvspalta. Sjølv om klauvspalta på dyret som skal seljast ser fin ut, kan det vera smittestoff på dyret som me ikkje ser. Det er derfor viktig å innhenta opplysningar om besetningen på buskapnivå, for å forvissa seg om at dyra ikkje har digital dermatitt. Viss besetningen brukar profesjonell klauvskjerar til klauvskjering, vil klauvskjeraren i dei fleste tilfella oppdaga om det er digital dermatitt i buskapen, og alle funna vert også rapportert inn til Kukontrollen.
Smittsam mastitt
Smittsam jurbetennelse med bakterien Streptococcus agalactiae, er også ein frykta sjukdom å få inn i mjølkeproduksjonen. Denne smittsame mastitten har auka litt dei seinare åra, og viss ein får denne bakterien inn i besetningen, kan det vera svært vanskeleg å bli kvitt den att. For å minimera risikoen for å få den inn, bør ein sjekka jurhelsa på buskapsnivå hjå seljarbesetningen. Aller helst bør seljar ha tatt speneprøvar av representative dyr i besetningen sin ved til dømes avsining og ved behandling av mastittar, slik at ein kan «sjå» kva bakteriefunn som er i seljarbesetning før ein bestemmer seg for å kjøpa dyr. Viss seljar aldri tek speneprøvar og ikkje har nokon prøvesvar å visa til, vil eg frårå å kjøpa frå denne besetningen.
«viktig å innhenta opplysningar om besetningen pa buskapnivå»
Smittsam diare og luftvegsinfeksjon
Frå 2016 - 2022 var det også eit nasjonalt kontrollprogram der ein kartla besetningane for smittsam diare (bovint coronavirus) og luftvegsinfeksjon (bovint respiratorisk syncytialvirus) med mjølk- eller blodprøvar, og besetningane fekk «raud»eller «grøn» status alt etter om ein fann antistoff mot ein eller begge virussjukdommane. Desse sjukdommane kan vera tapsbringande viss ein får dei inn, men desse sjukdommane går som regel over av seg sjølv og smitten brenn ut, slik at her vert ein kvitt smittestoffa i motsetnad til digital dermatitt og smittsam agalactia- mastitt.
Ingen restriksjonar
Verken digital dermatitt, smittsam agalactia-mastitt, smittsam diare og -luftvegsjukdom er meldepliktige sjukdommar. Derfor er ikkje besetningar som har desse tapsbringande sjukdommane bandlagte av Mattilsynet. Det er derfor fullt mogeleg å selja dyr ut frå slike besetningar, sjølv om bransjen sine retningsliner og samvitet til seljar, gjer at ein ikkje skal selja livdyr viss ein har mistanke om tapsbringande sjukdom. For å vera føre var, er det lurt å bruka litt tid på å undersøkja helsetatus i seljarbesetning før ein bestemmer seg for om ein vil handla livdyr frå den aktuelle garden.
Ringorm
Ein annan smittsam sjukdom som ein kan få med ved livdyrkjøp er ringorm. Ringorm er ein soppinfeksjon i huda og kan gi hårlause parti med skurver og flass. I motsetnad til dei andre sjukdommane eg har nemnt her, er ringorm forårsaka av soppen Trichophyton verrucosum meldepliktig til Mattilsynet. Besetningar som får påvist smitte vert bandlagte, og dei vert pålagt å sanera mot sjukdommen. Dette påfører produsentar store utgifter og ekstraarbeid. Ringorm har vore nesten utrydda i Noreg, men det har vore utbrot både i Rogaland og Trøndeleg dei siste åra.
Best å vera føre var
Her i Sogn og Fjordane har me svært god helsestatus på dyra i forhold til resten av landet, og me har veldig låg forekomst av mellom anna digital dermatitt. Me skal likevel ikkje slappa heilt av, for me er ikkje heilt fri for desse smittsame sjukdommane, og det er viktig å opprettholda den gode helsestatusen me har. Uansett kor ein er i landet, er det viktig å unngå å få med uønska smittestoff med livdyrhandel, og dersom ein treng hjelp til å vurdera om ein skal gå til innkjøp av dyr, kan det vera lurt å be om bistand frå rådgivar eller dyrlege viss ein ikkje føler seg kompetent til å ta dei rette vurderingane sjølv. Det er alltid best å vera føre var og unngå så langt det er mogeleg å få inn smittestoff som kan påføra dyra sjukdom og som kan gi bonden ekstraarbeid, sut og kostnader.